Psykisk helse

Psykisk helsearbeid er eit lågterskeltilbod til deg som treng hjelp til å handtere ei psykisk liding eller ein vanskeleg livssituasjon. Det kan òg vere hjelp til pårørande.

Hjelpa kan bestå av samtalar, råd, rettleing, informasjon, aktivisering og støtte. Kontakten kan vere i heimen eller på kontoret til psykiatrisk sjukepleiar.

Heimebuande menneske i alle aldrar og livsfasar som meiner dei har behov for psykisk helsearbeid sine tenester, kan søkje om dette.

Dalestova arbeids- og aktivitetssenter

Dalestova er ein del av rehabiliterings-/habiliteringstilbodet til menneske med psykiske funksjonshemmingar. Dalestova er først og fremst ein triveleg og sosial møtestad med aktivitetar og arbeidstrening. Dalestova har som målsetting å betre brukarane si kjensle av god livskvalitet ved å tilby eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre, førebyggje isolasjon og hjelpe brukaren til eit mest mogleg sjølvhjelpt tilvære.

Psykiatritenesta

Psykiatritenesta gir hjelp og støtte til personar som har psykiske vanskar og som treng oppfølging i kvardagen. Les meir om tilbodet om psykiatrisk sjukepleie.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 11.08.2015 av Anita Taftø

Kontakt

Einingsleiar open omsorg Høyanger

 

 
 
Login for redigering