Rustenesta

Rustenesta i Høyanger kommune er eit lavterskeltilbod der ein ikkje treng å søkje om tenesta for å ha rettar til bistand. Alle kan kontakte rustenesta; personar som har eller lurer på om dei har eit avhengigheitsproblem, pårørande, born som pårørande og fagpersonar/andre einingar. Rustenesta tek i mot bekymringsmeldingar.

Rustenesta tilbyr oppfølging, koordinering av tenestetilbod, støttesamtalar og råd og rettleiing knytt til andre tilbod i kommunen. Vi samarbeider med andre instansar. Vi har teieplikt.

Rustenesta er open for uforpliktande kontakt om du lurer på om du, eller nokon rundt deg, held på å utvikle rusmiddelavhengigheit.

Vakttelefonar

  • Open omsorg Høyanger, mobil 992 19 300, utanom kontortid
  • Rusettervernet i Sogn og Fjordane, mobil 948 34 493 eller 415 07 533
  • Helse Førde, tysdagar og torsdagar kl. 12:00 - kl. 15:45. Spør etter vakt rus.

Kontakt

sosionom
  • Mob: 407 25 534
  • E-post:  

 

spesialsjukepleiar
  • Mob: 979 98 976
  • E-post: