Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Serviceskyss i Høyanger kommune

Klikk for stort bileteDet er oppretta serviceskyss på Høyanger sørside. Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagt for alle.

Det er inga form for godkjenning for å nytte tilbodet. Dersom du ønsker å nytte serviceskyssen, må du tinge plass på førehand.

Tinging:

Tinging skjer på telefon 481 44 905 innan kl. 15.00 dagen før. Du vert henta heime og vert køyrd frå dør til dør.

Eigenandel:

Eigenandel for passasjerar er kr. 30,- kvar veg.

 

Serviceskyss i Høyanger kommune
  Dag ruta går Til sentrum Frå sentrum
Østerbø-Ikjefjord-Bjordal Fredag kl. 10.30 kl. 13.00
Østerbø-Søreide, Bjordal Fredag kl. 11.15 kl. 12.30

 

Les om serviceskyss i Høyanger kommune på Kringom si nettside