Koronavirus - Covid 19

Alt om korona- Høyanger kommune Korona- information in other languages  

Spørsmål i samband med vaksinering ring 992 19 398, open mån - tors, kl. 08:00 - kl. 15:00.
Spørsmål om koronavirus? Ring kommunal informasjonstelefon, 992 19 398, mån-tors kl 12:00 - 15:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Sjukeheim

Høyanger kommune har to sjukeheimar. Høyanger sjukeheim har 40 pasientrom og tilbyr rehabilitering, korttids- og avlastningsplass, samt fast sjukeheimsplass. Kyrkjebø sjukeheim har 24 pasientrom og tilbyr sjukeheimsplass.

Korleis få tenesta?

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Søknadsskjema (PDF, 51 kB)

Tiltaksteamet handsamar søknaden, og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

Søknader sender du til:

Høyanger kommune
v/tiltaksteamet
Postboks 159
6991 Høyanger

Kart over sjukeheimar i Høyanger kommune

 Kart : Sjukeheimar