KorttidsplassKorttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim for personar som har behov for rehabilitering og utgreiing. Kven kan søkje korttidsopphald i institusjon? søkjar må bu i Høyanger kommune søkjar må ha behov for tidsavgrensa heildøgns omsorg, legetilsyn og sjukepleie ved institusjon helseproblemet må vere så kompleks at tenester i heimen ikkje dekker søkjar sitt hjelpebehov søkjar må ha behov for etterbehandling etter sjukehusopphald søkjar må ha behov for observasjon eller vurdering av helsetilstand og funksjonsnivå søkjar må ha behov for opptrening til å meistre gjeremåla i kvardagen Korttidsopphald i institusjon med rehabiliteringstilbod søkjar må etter kommunen si tverrfaglege vurdering vere eigna til rehabilitering i institusjon på grunn av akutt funksjonssvikt etter operasjon, skade eller sjukdom. søkjar må ha potensiale og motivasjon for rehabilitering. Korttidsopphald i institusjon grunna avlastningsbehov Pårørande må yte omfattande og særleg tyngande omsorgsarbeid. Den omsorgstrengande må bu i Høyanger kommune. Tenester i heimen dekker ikkje hjelpebehova til den omsorgstrengande. Korleis søkje Du må bu eller opphalde deg i kommune, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden. Søknadsskjema Tiltaksteamet hansamar søknaden fortløpande, og du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker. Søknaden sender du til Høyanger kommune v/tiltaksteam Postboks 159 6991 Høyanger Betaling for korttidsopphald Ved korttidsopphald i institusjon er eigenbetalinga regulert av forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester § 4. Korttidsopphold i institusjon koster i 2021 kr 175,- per døgn og dagopphald kostar kr 95,-. Her finn du Høyanger sjukeheim Sist endra06.01.2021 08.44