SjukeheimsplassLangtidsplass på sjukeheimen er eit heildøgns omsorgstilbod for pleietrengjande som har behov for medisinsk/sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom døgnet. Helsesvikten må ha eit omfang som heimesjukepleie og korttidsopphald ikkje kan kompensere for.KriterieSøkjar må ha behov for langtidsplass i sjukeheim. Før sjukeheimsplass vert innvilga, bør det vere prøvd ut med tenester i heimen.Korleis søkjeDu må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden.SøknadsskjemaTiltaktsteamet handsamar søknaden fortløpande, og du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.Søknaden sender du tilHøyanger kommunev/tiltaktsteamPostboks 1596991 HøyangerBetaling for sjukeheimsplassVed langtidsplass i institusjon vert eigenbetalinga basert på inntekt og skal betatast pr. månad. Korleis eigenbetalinga vert utrekna, går fram av Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester § 3.Kart over sjukeheimar i Høyanger kommune Kart : Sjukeheimar Sist endra06.01.2021 08.46