Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Folkehelse

Logo Vardar - Klikk for stort bilete

I Høyanger kommune er vi opptatt av å prioritere førebygging og folkehelse for å skape best mogleg livskvalitet for innbyggjarane våre. 

Folkehelse omhandlar faktorar som er med på å påverke helsa di som mellom anna allergi, drikkevatn, ernæring, innemiljø, skadedyr og strålevern. Folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å påverke det som fremjar og helde vedlike helsa til innbyggjarane.

Folkehelselova gjer staten, fylkeskommunar og kommunar ansvar for folkehelsearbeid. Les meir om lova på Helsedirektoratet sine heimesider eller på Lovdata.no.

Folkehelse i Høyanger kommune

Høyanger kommune har vedteke avtale om partnarskap for folkehelsearbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Folkehelsearbeidet skal vere tverrsektorielt, og viktige samarbeidspartar utanom kommuneorganisasjonen er frivillige lag og organisasjonar, næringsliv, og statlege organ.
 

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremme befolkninga si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidreg  til betre helse. Omsynet til innbyggjarane si helse skal ivaretakast i kommunal og fylkeskommunal planlegging. Dette gjennom både folkehelselova og plan og bygningslova § 3-1; planar skal ”fremme befolkninga si helse og motverke sosiale helseskilnadar”. 

 

Satsingsområde for folkehelsearbeidet i Høyanger kommune

Kommunen arbeidar for eit inkluderande og levande lokalsamfunn, og satsar på:

  • Reduksjon i sosiale helseskilnader
  • Fysisk aktivitet, kosthald og tannhelse
  • Førebygging av skade og ulykker
  • Rus, tobakk- og dopingmidlar

 

Trygge lokalsamfunn

Høyanger kommune er godkjend som "Trygt lokalsamfunn" i WHO (Verdens helseorganisasjon) sitt Safe Community nettverk. Å ha status som "Trygt lokalsamfunn" vil seie at ein skal arbeide målretta og systematisk med å førebyggje skader og ulukker i tråd med 6 "reglar" utarbeidde av WHO.

Høyanger vart sertifisert som Trygt Lokalsamfunn i 2002 og resertifisert i 2010. I 2016 ble Høyanger kommune resertifisert i Trygge lokasamfunn gjennom SKAFOR (Skadeforebyggende Forum), og har inngått ein intensjonsavtale med Trygge Lokalsamfunn. Sertifiseringa er gjennom den norske modellen, som er meir tilpassa det norske miljøet, enn den internasjonale modellen  gjennom WHO.

Det er god aktivitet i det førebyggande arbeidet både innan skader, ulukker og kriminalitet. «Saman om tryggleik» starta opp i 1998 og samarbeidspartnarar har heile tida vore Politiet, lag og organisasjonar, Hydro Høyanger og andre verksemder.

Mange tiltak innan barn og ungdom sitt oppvekstmiljø er med på å bygge gode haldningar hjå born og unge. Førebyggande arbeid skjer på mange ulike plan og for alle aldrar. Hovudmålgruppene er barn, ungdom og eldre, med faste årlege program for alle.

Organisering - Trygt lokalsamfunn

Trygt lokalsamfunn er eit av satsingsområda i kommunen sitt folkehelsearbeid. Folkehelserådet er arbeids- og ressursgruppe med medlemmar frå kommunen, frivillige, privat næringsliv og politietat. Kommunen og dei størst bedriftene i tettstaden Høyanger har samarbeid om HMS arbeid. HMT-utvalet for utemiljø tek imot meldingar frå publikum, gjer synfaring og syter for utbetring av farlege forhold.  
 

Tryggleiksveka


Tryggleiksveka vert årleg markert i veke 38 der målgruppa er alle, men med ulike tema kvart år. Målet med tryggleiksveka er å ha tryggleik i fokus. Det skjer i samarbeid mellom kommune, privat næringsliv og mange frivillige organisasjonar. Torgdag med mellom anna brannvern og stand om rusførebygging. Det er eit spesielt tema for kvart år.

Eksempel på tema:

  • Trygg i vatn og båt
  • Trygge aktive barn og unge - tryggleik i samband med fysisk aktivitet
  • Din tur, trygg i naturen
  • Trygg bruk av nettet, mobil og data
  • Førstehjelp
  • Vald i familien, med særleg fokus på vald mot barn  

 

Folkehelserådet

Folkehelserådet prioriterer satsingsområde, er med og utarbeider handlingsplan og årsrapport, og er støtte- og arbeidsgruppe. Rådmannen si leiargruppe er styringsgruppe. Folkehelserådet består av:

  • Folkehelsekoordinator
  • Kommunalsjef Helse og omsorg
  • Kommunalsjef Kultur og folkehelse
  • Lensmann
  • Kommuneplanleggar
  • Eldrerepresentant
  • Representant for dei frivillige
  • HMS Hydro
  • Representant frå lokal verksemd


 

 

 

Folkehelsekoordinator i Høyanger kommune

Folkehelsekoordinator ligg under tenesteområde kultur og folkehelse, og skal samarbeide og kommunisere med både interne og eksterne partar. Arbeidsstad: Høyanger rådhus , August Gunnarskogsgate 1, 6993 Høyanger.

 

Kontakt

Kulturmedarbeidar
  • Tlf: 57711500
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post:  

 

bilde av personen: Anita Nordheim
Kommunalsjef kultur og folkehelse
  • Tlf: 57 71 15 71
  • Mob: 959 22 434
  • E-post: