Allemannsretten og bålbrenning Allemannsretten gjev oss rett til å ferdast fritt når ein går tur i utmark og til å hauste av goda i naturen. Vi har og rett til å nytte båt, raste, bade, overnatte, sykle og ri langs stiar og vegar i utmarka. Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot bålbrenning i Noreg. I denne perioda er det, grunna fare for skog-, gras- og lyngbrannar, ikkje tillete å tenne bål i skogmark utan løyve frå den lokale brannsjefen Allemannsretten gjev oss og nokre pliktar: Ta omsyn til utmarksnæringane. Hugs å lukke alle grinder. Vis omsyn til andre brukarar av utmarka. Ikkje skade naturmiljøet. Ikkje forstyrr dyr og fuglar, medrekna reir og ungar. Hugs bandtvang for hund i perioden 1. april – 20 august, eller så lenge det er bufe på beite (utvida bandtvang t.o.m. 31. oktober) Motorferdsel i utmark er ikkje tillate utan særskild løyve frå kommunen. Det er ikkje tillate å tenne opp bål i skog og mark i tida 15. april – 15. september. Meir om allemannsretten her. Publisert avSasa Sehic Publisert16.02.2015 13.32