Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

BUA utstyrsentral

Klikk for stort bilete Ved BUA Høyanger kan du komme å låne gratis sport- og friluftsutstyr. Hovudmålgruppa er barn og unge og BUA står for barn og unge i aktivitet, men ALLE kan låne utstyr så lenge ein er over 18 år og har registrert adresse i Norge.

Kva kan du låne?

BUA Høyanger har utstyr til både sommar og vinteraktivitetar; til overnatting som telt, lavvo, hengekøyer, soveposar og liggeunderlag, til matlaging som bålpanne og termosar, syklar for små og store, utstyr for padling, sup og diverse leik og moro. Eit godt utval av skiutstyr, både alpint, langrenn, fjellski og snowboard. Gå til bua.io og sjå kva som finnst i BUA Høyanger. Alt utlån er gratis!

Korleis låne

Alle som låner utstyr må registrere seg i utlånssystemet med navn, telefonnummer og e-post. Lag din eigen låneprofil her. Dei som er under 18 år må registrere seg som medlånetakar via ein vaksenperson. Du kan få hjelp til dette i BUA. For å låne utstyr må du komme innom i våre opningstider. 

Opningstider for BUA Høyanger

Du finn oppdaterte opningstider på BUA si nettside og på Facebook BUA Høyanger
Offisiell opning torsdag 18. februar kl. 14.00 - 18.00 

Kor ligg BUA Høyanger?

Elvegata 22 i Høyanger sentrum. Inngang på baksida av bygget (ta til høgre etter bruktbutikken). Du kan og gå gjennom bruktbutikken, når denne er open. 

Kontakt

Tlf: 577 12 345 mobil: 992 19 367