Det er mange flotte fiskemoglegheiter i Høyanger kommune, både i saltvatn og ferskvatn.
Fjordfiske:
Du kan fiske både frå land og frå båt i Sognefjorden.
Innlandsfiske:
Det finst ikkje noko felles fiskekort for fiske i utmarka i Høyanger kommune. Fiske må difor avtalast med grunneigar i elva eller vatnet du ynskjer å fiske i. Kommunen kan kontaktast for informasjon om kven som er grunneigar.
Fiske i Daleelva organiserast av Høyanger Jakt og Fiskelag. Fiskekort for Daleelva kan kjøpast hos Sport’n i kjellaren på Coop. Dette gjeld både sesong- og døgnkort. Alle som har fiska i andre elvar må desinfisere fiskeutstyret hos portvakta hos Hydro før dei kjøper fiskekort.
Publisert avSasa Sehic
Publisert05.03.2015 09.05