Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Blåfjell

Køyr til Indre Torvund, ca. 13 km frå Lavik mot Vadheim. Parker på parkeringsplassen på venstre side rett før Noreviktunnellen på E39. Gå opp gardsveien der du passerer 2 hus på venstre side. Vidare gjennom eit gardstun og opp gjennom grinda. Du kan velje mellom 2 stiar når du har gått eit stykke på traktorvegen. Der står eit skilt til Blåfjell på venstre side som du kan følgje eller fortsette rett fram. For å få ei lita runde går du rett fram når du skal opp, og den andre stien ned att. På Blåfjell finn du boka under nokre steinar ved varden. Nydeleg utsikt. Ca 1,45 time opp.

Alternativ rute frå Langeneset

Frå Langeneset føljer du sti sørover, forbi Sandavatnet, og over elva like før Gillona. Du kan gjerne svinge bortom Ytre Torvundstølen. Denne stølsvollen vart rydda for tre og kratt sommaren 2010 og murane er no komne til sin rett. Skriv deg gjerne inn i boka som ligg under ei helle ved stølshuset.

Turen vidare til Blåfjell går langs merka rute, fyrst eit godt stykke med stigning til Indre Torvundstøl. Her er det 3 stølshus, og fin plass å ta pause. Litt stigning blir det etter stølen og, til du er på Blåfjell på 719 m.o.h. Frå toppen er det flott utsikt både utover og innover den mektige Sognefjorden. I klarvèr kan du sjå heilt til Ålfotbreen i nord, Fresvikbreen i øst og Jostedalsbreen (Jostefonn) i nordaust.

Ned frå Blåfjell følgjer du stien og merking/skilting til Duken. Underveis passerer du Tjønnebotnstølen, der det er tre gamle stølshus og ett som nylig er satt opp. Varden på Duken, 480 (moh.) ligger på et ganske stort flatt berg, derav namnet. Frå Duken tilbake til Langeneset er det en flott tur der du passerer Ytre Norevikstølane og et stort vann. Her kan du ta eit forfriskande bad før du returnerar til utgangspunktet.

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 25.02.2015