Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Fossen

Ca. 30 – 45 minutt opp. Parker øvst i Kråkevika. Her står det skilt til Fossen. Stien følgjer kraftlina heile vegen opp. Turen startar bratt opp den fyrste lia før terrenget flatar ut litt og ein følgjer elva gjennom bjørkeskog. Så går det brattare opp den siste lia igjen, før ein kjem til postkassa som heng saman med turkassa til Vadheim IL på kraftstolpen på toppen.

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 25.02.2015