Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Fuglefjellet

Køyr 7 km. frå Lavik mot Vadheim. Parker på rasteplassen på høgre side. Kryss E39 og følg grusveg som startar bak ei gammal taubane og tre postkassar. Følg grusvegen til du ser skilt mot Fuglefjell på venstre side og fortsett etter merkinga. Det er merka heile vegen opp, og turen tek ca. 1,5 – 2 t. opp herifrå. Turen startar litt bratt. Nydelig utsikt frå tregrensa og opp til toppen. Boka ligg gjømt under nokre heller ved varden.

Som eit alternativ kan ein gå frå Bossdal. Ta av frå E39 ca. 4 km. frå Lavik (rett før Alvera) og køyr til du ser skiltet til Fuglefjellet på høgre side. Parker her og følg merkinga til toppen, ca. 1 time opp.

Fellestur 01.06.2014.

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 25.02.2015