Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kyrkjebøstølen og Moldurfjellet

Klikk for stort bileteMoldurfjellet Geir Ove Elveseter K2, Tronvik Nord – Naveset (80 m.o.h til 380 m.o.h) 45 min.

Distanse: 2,0 km.

Turen byrjar ved bom øvst i Hellevegen. Følg traktorveg med stigning. Vidare er det sti i skogen med stigning og bratte delar som er sikra med tau og stige.

På Naveset er det ein gapahuk og litt utsyn mot fjorden.

Fin rundtur å gå vidare til Kyrkjebøstølen – Ljotebøstølen – Tronvik Vest.

 

K3, Naveset – Kyrkjebøstølen (380 m.o.h til 540 m.o.h) 45 min.

Distanse: 1,0 km.

Følg sti med stigning til skoggrensa. Siste del går nedoverbakke og flatar ut. Myrområde.

Det er bygd bru over stølselva. Litt utsyn mot fjorden.

For meir utsyn kan du gå rute K4 til Moldurfjellet.

 

K4, Kyrkjebøstølen – Moldurfjellet (540 m.o.h til 844 m.o.h) 45 min.

Distanse: 1,5 km.

Fyrste del har mykje bratt stigning og det er sikra med tau. Siste del flatar ut. Fleire stader med fjordutsyn. På toppen kan du sjå langt i klarver.