Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Templane

Køyr mot Lavikdal ca. 7 km, og ta til høgre rett før gamleskulen (gult bygg) ved skiltet til Mølmesdal. Parker like etter du har tatt av frå hovudvegen. Merkinga byrjar ved Templane- skiltet. Det er fin sti heile vegen, med litt bratt stigning på slutten mot toppen. Turen tek ca. 45 minutt opp, der ein kan sjå Lihesten i Hyllestad i klarver.

Alternativ start i Øvre Lavikdal: Køyr frå Lavik mot Lavikdal ca 8 km, følg skiltet Strandos og køyr rett fram ca. 3 km vidare til du kjem til skiltet (Templane) og ei oppslagstavle m/kartet i. Derifrå er stien merka med blått. Ca 45 min opp, lett stigning.

Boka ligg ved varden under nokre heller.

Fellestur 24.08.2014

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 25.02.2015