Retningsliner ved tildeling:
Målgruppe
Enkeltpersonar, lag/grupper.
Kriterium
Det skal gjerast kjent i avisene at kulturpris skal tildelast, og alle innbyggarane i kommunen kan kome med grunngjevne framlegg. Prisen skal tildelast kvart år dersom Utval for kultur finn kvalifiserte kandidatar.
Enkeltpersonar/lag/ grupper kan ikkje fremje forslag om eige kandidatur.
Kulturprisen skal vanlegvis tildelast:
-
Personar/grupper som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å drive laget godt og for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø i lagsområdet.
-
Personar/grupper som har brukt mykje av fritida si til ulønna instruksjonsarbeid i idrettslag, ungdomslag, song og musikk o.l
-
Personar/grupper som har lagt ned eit stort arbeid til beste for born og ungdom
-
Personar/lag som har lagt ned mykje arbeid for å halde på, vidareføre og fornye gamle skikkar, tradisjonar og uttrykksformer, tekvare på gamle ting, samla inn lokalhistorisk stoff eller på annan måte oppmuntra til lokalt medvit.
-
Personar/lag som har brukt mykje av tida si til å fremja kunstnarleg skaping og oppleving.
Kulturprisen kan evt. delast mellom maksimum 2 kandidatar
Høyanger kommune står fritt til å velje kandidat også blant tidlegare års framlegg.
Frist for innsending av framlegg vert annonsert i lokalavisene (oktober/november kvart år).
Framlegg sendast: Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger.
Vedtak om tildeling av kulturpris vert gjort av Utval for kultur.
Klage handsamast av Høyanger kommune si klagenemnd.