Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Musikktilbod i kulturskulen

Klikk for stort bilete

Kulturskulen gir tilbod om instrumentalundervisning i: fløyte, klarinett, saksofon, kornett, althorn,baryton, trombone, tuba, slagverk, blokkfløyte, piano og gitar.

 
I tillegg gir kulturskulen tilbod om band, musikalsk forsmak (førebuande musikkopplæring) og barnekor på Kyrkjebø.
 
I musikk vektlegg vi samspel anten ein har undervisning aleine eller i gruppe. Dette er både lærerikt og spennande. Difor vil ein i periodar av året øve inn stykkesaman for framføring. Ein vil gjennom året opptre i større og mindre samanhengar.
 
Tradisjonen tru er det to større framsyningar i Høyanger – til jul og sommaren. Gjennom året vil det elles vere kammerkonsertar ved mindre arenaer som til dømes i omsorgsbustadene i Høyanger, ved sjukeheimane eller biblioteket.
 
Formidlingssituasjonen er ein viktig del av undervisninga, anten du spelar, dansar eller teiknar – å bli trygg på å opptre framfor ei større eller mindre forsamling. Dette er kjekt og spennande. Samstundes lærer elevane å vere publikum for kvarandre.
 

Betalingssatsar

Publisert av Grete Bjørnsen Ulvestad. Sist endra 04.03.2015

Kontakt

Kulturskulerektor
  • Tlf: 57 71 15 68
  • Mob: 992 19 371
  • E-post: