Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Tilskot til opplæring og utdanning

Høyanger kommune har kvar haust midlar til fordeling til opplæring/ utdanning for lag, organisasjonar og einskildpersonar, med unntak av idrettslaga. Idrettslaga søkjer Høyanger Idrettsråd om slikt tilskot.

Det kan søkjast om midlar både til planlagde og allereie gjennomførte tiltak. Føremålet medtilskotsordninga er å stimulere til utdanning som lag og organisasjonar i kommunen kan dranytte av. Midlane kan ikkje nyttast til yrkesutdanning, og heller ikkje til vaksenopplæring istudieorganisasjonane. Søknad må innehalde m.a. fullstendig finansieringsplan, der det inngår kva andre tilskot søkjaren reknar med (også evt. eigendel).

 

Spørsmål vedk. tilskotsordninga kan rettast til:

Konsulent kultur og folkehelse Grete Bjørnsen Ulvestad, tlf 577 11500 /992 19384

Søknader sendast:

Høyanger kommune
Tenesteområde kultur og kommunikasjon
Postboks 159
6991 Høyanger
 

Søknadsfrist:

Avhengig av tilgjengelege budsjettmidlar, vert søknadsfrist annonsert i september.