Lokale transporttilskot til ungdom

Klikk for stort bileteHøyanger kommune søkjer kvart år Sogn og Fjordane Fylkeskommune om tilskot til lokale transporttilbod for ungdom. Det er rapporterings- og rekneskapsplikt på tilskota.

Transportmidlane gjev kommunen ein unik moglegheit til å legge til rette for fellesaktivitetar for ungdom. Dette er ikkje enkelt dersom midlar avsett til aktivitet, også må dekke transportkostnader.

Midlane skal nyttast til fleksible og tygge transporttilbod for ungdom. Høyanger kommune nyttar midlane i samband med aktivitetsturar, arrangement og skyss til faste fritidsaktivitetar.

Høyanger kommune har dei siste åra satsa på å flytte fokus frå festing og rus i helgane, til fokus på fysisk aktivitet og fellesskap. Dette er gjort ved å skape uformelle møtestader som er med på å utvikle trivsel og "vi kjensle".

Kontakt

Konsulent kultur og folkehelse
  • Tlf: 57 71 15 67
  • Mob: 992 19 384
  • E-post: