OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Gunnar S. Galleriet

Planlegg besøket ditt

Om galleriet

Samlinga omfattar eit 30-tals verk av kunstnaren og dekker perioden ca. 1950 til ca. 1980. Arbeida utgjer teikningar, akvarellar, måleri og serigrafiar. I tillegg vert det vist teikningar, skissebøker, smykke og fotografi i ein eigen monter. Gunnar S utstillinga finner du i 2. høgda av museet. I førse høgda er det rullerande utstilling av ulike kunstnarar i regi av Høyanger kunstlag.

Gunnar S. Gundersen (1921-1983) var ein av Noregs fremste etterkrigsmodernistar og leiande i Skandinavia innanfor den konkrete kunsten, ein non-figurativ kunst hovudsakleg basert på form og fargar. Han fekk stor betydning for utviklinga av det gjenstandslause måleriet i Noreg saman med kunstnarar som Jakob Weidemann, Gudrun Kongelf, Odd Tandberg, Lars Tiller og Anna-Eva Bergman. Desse kunstnarane var påverka av eit internasjonalt konkret måleri som hadde sett dagens lys på byrjinga av 1930-talet. Gunnar S., som han vart kalla, utvikla etter kvart eit originalt måleri som kombinerte «hard edge» med «soft edge». Bileta er prega av romkjensle og perspektiv, trass i ei tydeleg vektlegging av flata. Til grunn for eksperimenteringa til Gundersen låg ei sterk teoretisk interesse for mellom anna persepsjonspsykologi.

Han underviste i fleire år ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, der teori og eksperimentering var ein viktig del av undervisninga. Gunnar S. Gundersen utførte mellom anna ei rekke romutsmykkingar, både offentlege og private: saman med Gudrun Kongelf og Ludvig Eikaas fasaden på Kunstnerforbundet i Oslo, veggmåleri i Den Kemiske Fabrik Norden i Oslo (begge 1950), veggmåleri i Arne Korsmo sin villa Planetveien 12 i Oslo (1954-55) og utsmykkingar i Rikstrygdeverket (1960). Det galdt også Bytårnet skole, Moss (1961), Britannia Hotell i Trondheim (1963), Brage-Fram-bygget (1968) i Vika, Oslo, Jotun Fabrikker i Sandefjord (1970), Høyenhall skole, Oslo (1972), Laboratoriebygget og Ullevål sykehus (1979).

Anita Nordheim
Kommunalsjef kultur og folkehelse
E-post
Telefon +47 57 71 15 71
Til toppen