Friluftsliv

Høyanger kommune ligg i eit av dei mest populære områda for fotturar og toppturar i Noreg. Det flotte fjordlandskapet i kommunen byr på uendeleg mange moglegheiter for både fotturar, skiturar, jakt og fiske, og i det dramatiske landskapet ligg tilhøva til rette for store naturopplevingar for alle som tek turen ut.

Stølsheimen landskapsvernområde er ei perle i seg sjølv, med moglegheiter for opplevingar for både små og store turentusiastar. Om vinteren er det som regel rikeleg med tilgang på snø i fjellområda i kommunen, og det vert køyrd opp fleire kilometer med skiturløyper rundt om i kommunen kvar vinter. I tillegg har ein Siplo Skisenter, som omfattar skitrekk og barneskitrekk, samt 2,5 km. lysløype og 7,5. km. langrennsløype langs Bergsvatn.

Jakt og fiske er også populært i Høyanger, og det vert jakta på hjort, rype og anna småvilt. Sognefjorden er eit eldorado for fiskeentusiastar, og anten ein vel fjordfiske eller innlandsfiske i dei mange fjellvatna og elvane i kommunen, er det duka for mange store fiskeopplevingar.

Elles er det gode moglegheiter for andre friluftsaktivitetar som klatring, kajakk, bærhausting, sykling, overnattingsturar osv.. Kort sagt, anten du ønskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, så vil Høyanger kunne gje deg passande aktiviteter der du kjem i nærkontakt med naturen.
 

Utstyrssentral

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 04.03.2015 av Grete Bjørnsen Ulvestad
 
 
Login for redigering