Bandtvang for hund

I Høyanger kommune er det ordinær bandtvang frå 1. april til og med 20. august. I tillegg har kommunestyret vedteke utvida bandtvang f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober i områder med beitande bufe. Dette gjeld ikkje rednings-, jakt-, gjetar-, eller politihundar under oppdrag eller trening. 

 

Kvifor bandtvang?
 

Bandtvang sikrar at fuglane ikkje blir forstyrra av hundar i hekkeperioden, og at dyra ikkje blir jaga eller skremt i perioden dei har avkom. Dyr er spesielt sårbare i forplantningstida og når dei har fått avkom. Hundar kan øydeleggje reir, skade fugleungar eller forstyrre rugande fuglar i så stor grad at hekkinga mislykkast. Det er også viktig at drektig hjort får ro og at kalvane ikkje forstyrrast i denne kritiske perioden.
 

Ekstraordinær bandtvang av omsyn til viltet. 

 

Utanom ordinær bandtvangsperiode (1. april – 20. august) og utvida bandtvangsperiode (21- august – 31. oktober) kan kommunen innføre bandtvang for ei avgrensa periode under ekstraordinære forhold som gjer bandtvang påkravd for å beskytte vilt som vil kunne bli jaga/skada av lause hundar. Dette er fyst og fremst aktuelt ved store snømengder, eventuelt i kombinasjon med langvarig kulde eller andre tilhøve som gjer vilkåra for viltet spesielt vanskelege. 
 
Sjølv om kommunen ikkje vurderar forholda som så vanskelege at det innførast ekstraordinær bandtvang, har den enkelte hundeeigar alltid ansvar for å ha kontroll på hunden sin, enten ved bruk av band eller på anna måte, slik at den ikkje jagar eller skader vilt. Dette følgjer blant anna av hundelovens § 4: ”Hundar skal alltid holdast under slikt tilsyn at dei så vidt mogleg hindrast i å drive eller forfølgje vilt”.
 
Les meir i hundelova og i kommunal forskrift.
 
Publisert av Sasa Sehic. Ansvarleg Marte Conradi. Sist endra 16.02.2015 av Sasa Sehic
 
 
Login for redigering