Fritidsfiske

Det er mange flotte fiskemoglegheiter i Høyanger kommune, både i saltvatn og ferskvatn.

 

Fjordfiske: 

Du kan fiske både frå land og frå båt i Sognefjorden. 
 

Innlandsfiske: 

Det finst ikkje noko felles fiskekort for fiske i utmarka i Høyanger kommune. Fiske må difor avtalast med grunneigar i elva eller vatnet du ynskjer å fiske i. Kommunen kan kontaktast for informasjon om kven som er grunneigar. 
 
Fiske i Daleelva organiserast av Høyanger Jakt og Fiskelag. Fiskekort for Daleelva kan kjøpast hos Sport’n i kjellaren på Coop. Dette gjeld både sesong- og døgnkort. Alle som har fiska i andre elvar må desinfisere fiskeutstyret hos portvakta hos Hydro før dei kjøper fiskekort. 
Publisert av Sasa Sehic. Ansvarleg Marte Conradi. Sist endra 06.11.2015 av Synne Vefring
Tenesteskildring (1)
 
 
Login for redigering