Utstyrssentral for sport og friluftsliv

Sommar 2017 - Klikk for stort bilete Utstyrssentralen er lokalisert i kjellaren på Høyanger Samfunnshus. Her kan ungdom, skular, barnehagar, frivillige organisasjonar og familiar/privatpersonar låne sports- og friluftsutstyr, gratis eller for ein rimeleg penge. Barn og unge har første prioritet. Vi har også nokre fjellsko til utlån. Inngang er på baksida av samfunnshuset i August Gunnarskogsgate. Køyrer du bil må du køyre forbi rådhuset og så er neste hus samfunnshuset.

 

Utlån skjer etter avtale pr. telefon om tidspunkt for henting.

For lån av utstyr:

 

Høyanger kommune på  tlf. 57 71 15 00 måndag - fredag kl 0800 - 1500

 

Du kan også sende e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no som då vil sende evt. spørsmål vidare til kulturavdelinga. Dersom ønskje om lån er nært føreståande er det best å ringe.

Sjå oversikt over utstyr som er til utlån/leige i utstyrsentralen. (PDF, 385 kB)

Det vert avklart ved kvart utlån kor lang lånetid ein får. Dersom ikkje utstyret leverast innan avtalt dato, vert det fakturert kr 50 pr. døgn.

Føremålet med utlån er å stimulere og gi alle høve til auka fysisk aktivitet og friluftsliv for barn og unge. Utstyrssentralen skal bidra til at utstyr til sports- og friluftsaktivitetar blir tilgjengeleg for alle.

Retningsliner for lån og bruk av sports- og friluftsutstyr:

Utstyrssentralen står ikkje ansvarleg for korleis du brukar utstyret. All bruk av utstyr skjer på eige ansvar. Den som låner/leiger utstyret, må sjølv dekke kostnader ved reparasjonar eller innkjøp av nytt utstyr, dersom utstyret skulle bli øydelagt. Dette gjeld ikkje normal slitasje. Utstyret leverast tilbake i same stand som ved utlån/leige. Avvik skal meldast frå om ved innlevering.

Lånt utstyr skal vere tørt og reint ved innlevering.

Skøyter (PDF, 59 kB), hockeymål og køller vert lånt ut gjennom Høyangerhallen, tlf. 992 19 418.

Skøyter - Klikk for stort bilete

Ski, skisko og stavar (PDF, 485 kB)

Skiutstyr til utlån - Klikk for stort bilete

20161207ski.jpg - Klikk for stort bilete

20161207 sko.jpg - Klikk for stort bilete

 

Fjellsko (PDF, 269 kB)Fjellsko - Klikk for stort bilete

 
 
20161207soveposar.jpg - Klikk for stort bilete

20161207primus.jpg - Klikk for stort bilete

Akebrett - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

20161207_redningsvest.jpg - Klikk for stort bilete

20161207slalomski.jpg - Klikk for stort bilete

Kontakt

bilde av personen: Grete Bjørnsen Ulvestad
Konsulent kultur og folkehelse
  • Tlf: 57 71 15 67
  • Mob: 992 19 384
  • E-post:  

 

Kulturmedarbeidar
  • Tlf: 57711500
  • Mob: 474 57 006
  • E-post: