Spelemidlar

Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til bygg og anlegg.

Det kan søkjast om stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet, og som ikkje er hefta med kommersielle interesser.

Kven kan søkje?

  • Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar.
  • Anlegget må vere med i det prioriterte handlingsprogrammet i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.

Søk spelemidlar

Kommunen gir rettleiing og handsamar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og fysisk aktivitet.

Det kan søkjast om tilskot til:

  • ordinære anlegg
  • nærmiljøanlegg
  • anlegg for friluftsliv i fjellet og ved kysten.

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle).

Reglar og anna informasjonsmateriell kan hentast på departementet si nettside www.idrettsanlegg.no

Anlegget må vere med i ein vedteke kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet (XLSX, 27 kB).

Nokre anlegg vert styrt av regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Dette er t.d. fleirbrukshallar og alpinanlegg.

For anlegg for friluftsliv i fjellet, ta kontakt med Den Norske Turistforening (DNT) e-post: info@turistforeningen.no

Kontakt

bilde av personen: Grete Bjørnsen Ulvestad
Ungdoms- og idrettskonsulent

 

 
 
Login for redigering