Kulturpris

Høyanger kommune kan kvart år tildele kulturpris til ein verdi av kr 10 000. 

Retningsliner ved tildeling:

Målgruppe 
Enkeltpersonar, lag/grupper.

Kriterium
Det skal gjerast kjent i avisene at kulturpris skal tildelast, og alle innbyggarane i kommunen kan kome med grunngjevne framlegg. Prisen skal tildelast kvart år dersom Utval for kultur finn kvalifiserte kandidatar.
Enkeltpersonar/lag/ grupper kan ikkje fremje forslag om eige kandidatur.

Kulturprisen skal vanlegvis tildelast:

  • Personar/grupper som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å drive laget godt og for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø i lagsområdet.
  • Personar/grupper som har brukt mykje av fritida si til ulønna instruksjonsarbeid i idrettslag, ungdomslag, song og musikk o.l
  • Personar/grupper som har lagt ned eit stort arbeid til beste for born og ungdom
  • Personar/lag som har lagt ned mykje arbeid for å halde på, vidareføre og fornye gamle skikkar, tradisjonar og uttrykksformer, tekvare på gamle ting, samla inn lokalhistorisk stoff eller på annan måte oppmuntra til lokalt medvit.
  • Personar/lag som har brukt mykje av tida si til å fremja kunstnarleg skaping og oppleving.

Kulturprisen kan evt. delast mellom maksimum 2 kandidatar

Høyanger kommune står fritt til å velje kandidat også blant tidlegare års framlegg.


Frist for innsending av framlegg vert annonsert i lokalavisene (oktober/november kvart år).

Framlegg sendast: Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger.

Vedtak om tildeling av kulturpris vert gjort av Utval for kultur.
Klage handsamast av Høyanger kommune si klagenemnd.

Artikkel (1)
 
 
Login for redigering