Museum

Høyanger Vannkraftmuseum er ein av dei første bygningane som blei reist i samband med kraftutbygginga på 1900-talet.

Høyangsfaldene bygde i 1916 eit kraftverk for straumforsyning til anleggsdrifta og til alminneleg forsyning til bygdefolket i Høyanger frå 1918. Høyanger-folk fekk straumen til prisar langt under marknadspris. Deler av Kyrkjebøstranda fekk elektrisk straum frå Høyangsfaldene i 1921 på same vilkår som industristaden Høyanger. Les meir på fylkesarkivet sine sider under kulturhistorisk leksikon.

Høyanger Vannkraftmuseum ligg på verksområde til Hydro Høyanger Metallverk.

 

Vannkraftmuseet Hydro  - Klikk for stort bilete

Kontakt

bilde av personen: Anita Nordheim
Kommunalsjef kultur
  • Tlf: 57 71 15 71
  • Mob: 959 22 434
  • E-post: