Skogtilskot landbruksveg

Skal du bygge ny landbruksveg eller bygge om ein eksisterande, må du søkje om løyve frå kommunen.

Søknadskjema

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina og eventuelle massetak.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den handsamast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Skogbruksvegar kan få tilskot. Søknad om tilskot blir handsama og eventuelt innvilga av Fylkesmannen. Søknad skal sendast til kommunen for vurdering, og vi videresender denne til Fylkesmannen.

 

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar

Føremålet med forskrifta er å sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på en måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Det skal leggast vekt på miljøverdiar knytt til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, samt andre interesser som blir råka av vegbygginga.

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.

Publisert av Sasa Sehic. Ansvarleg Jørgen Hundeseth. Sist endra 06.11.2015 av Synne Vefring

Kontakt

bilde av personen: Jørgen  Hundseth
Skogbrukssjef

 

 
 
Login for redigering