Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Høyanger næringsutvikling

Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) vart etablert i 1988. Kompetanseselskapet fungerer som kommunen sitt næringsapparat

Høyanger Næringsutvikling har til oppgåve å:

  • Fremje utvikling av allsidig og lønsam næringsverksemd
  • Yte fagleg rådgjeving til eksisterande og potensielle verksemder
  • Arbeide med kompetanseheving for næringslivet
  • Yte direkte tilskot ved etablering av nye verksemder

HNU er eit aksjeselskap som er eigd av:

  • Høyanger kommune: 90 %
  • Høyanger Næringsforum (HNF): 8 %
  • Sparebanken Vest: 1 %
  • Høyanger Næringssamskipnad: 1 %

Høyanger Næringsutvikling AS består av næringssjef Terje Søreide og næringskonsulent Birgitta Hagen Kyrkjebø. Næringsselskapet får midlane sine frå avkasting av fond, samt gjennom direkte overføring frå kommunen. I tillegg har selskapet tilgang til statlege midlar som inngår i utviklingsprogram.

Heimesida til Høyanger næringsutvikling