Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol, må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming.

Høyanger kommune har vedteke retningsliner for sals- og skjenkeløyve gjeldande frå 31.03.2016, der retningslinjer for alkoholpolitikken er nedfelt.

Søknadsskjema for sals- og skjenkeløyve