Koronavirus - Covid 19

Status pr 03.12.2020: 5 påvist smitta, alle frå same husstand og dei sit i isolasjon. 45 personar er i karantene fram til og med fredag 4. desember. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Næringsutvikling

Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) vart etablert i 1988. Kompetanseselskapet fungerer som kommunen sitt næringsapparat.

Høyanger Næringsutvikling har til oppgåve å:

  • Fremje utvikling av allsidig og lønsam næringsverksemd
  • Yte fagleg rådgjeving til eksisterande og potensielle verksemder
  • Arbeide med kompetanseheving for næringslivet
  • Yte direkte tilskot ved etablering av nye verksemder

HNU er eit aksjeselskap som er eigd av:

  • Høyanger kommune: 90 %
  • Høyanger Næringsforum (HNF): 8 %
  • Sparebanken Vest: 1 %
  • Høyanger Næringssamskipnad: 1 %

Høyanger Næringsutvikling AS har tilsett næringssjef, Terje Søreide, i heil stilling. Næringsselskapet får midlane sine frå avkasting av fond, samt gjennom direkte overføring frå kommunen. I tillegg har selskapet tilgang til statlege midlar som inngår i utviklingsprogram.

Heimesida til Høyanger Næringsutvikling

Kontakt

Næringssjef
  • Tlf: 57 71 52 70
  • Mob: 951 98 451
  • E-post: