Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 01.04.2020: Det er godt nytt at det ikkje er nye smittetilfelle og det er heller ikkje påvist smitte mellom smitta helsepersonell og pasientar. Takk til Lederne avd 49 Høyanger som har kjøpt inn fire IPAD til bruk i helse og omsorg.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Beredskap og forsvar

Høyanger kommune har eigne beredskapsplan (PDF, 866 kB) med rutinar og instruksar som skal følgjast ved ulike typar alvorlege hendingar.

Høyanger kommune har også kartlagt, systematisert og vurdert sannsyn og konsekvens ved ulike hendingar, samt korleis desse kan påverke kommunen og dei kommunale tenestene i ein eigen heilskapleg ROS - analyse.  (PDF, 2 MB)

Brann og eksplosjonsvern
Høyanger kommune er blant anna ansvarleg for etablering og drift av brannvesen.

Krisehandtering
Høyanger kommune har eige kriseteam som skal gi innbyggjarane i kommunen naudsynt hjelp og oppfølging i krisesituasjonar.

Kontakt

Rådmann
  • Tlf: 57 71 15 11
  • Mob: 952 57 725
  • E-post: