Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 01.04.2020: Det er godt nytt at det ikkje er nye smittetilfelle og det er heller ikkje påvist smitte mellom smitta helsepersonell og pasientar. Takk til Lederne avd 49 Høyanger som har kjøpt inn fire IPAD til bruk i helse og omsorg.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kommuneplan

Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel.

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal omhandle langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Den skal gi grunnalg for tenesteområda sine planar og verksemd, og for prioriteringar av ressursar.

 

Kommuneplanen sin arealdel viser hovudtrekka i arealbruken i kommunen, kva omsyns, restriksjonar og føresetnadar som er knytt til nye tiltak og ny arealbruk, samt korleis areal skal nyttast for å møte framtidig samfunnsutvikling.

 

Ein kommunedelplan tek føre seg eit avgrensa geografisk område, eller tema og gir føringar for desse. Ein kommunedelplan er meir detaljert enn ein kommuneplan.

 

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 07.12.2016

Kontakt

bilde av personen: Synne Vefring
Konstituert leiar tenesteeining plan og forvaltning
  • Tlf: 57 71 15 47
  • Mob: 992 19 397
  • E-post: