Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er ein detaljert plan som fastset arealbruken i eit område. Den består av kart med føresegner, samt planomtale. Ein reguleringsplan kan omfatte fleire arealbruksføremål. Kva føremål areal kan regulerast til er fastlagt i Plan og bygningslova.

Oversikt over reguleringsplanar

Mange reguleringsplanar blir fremja som ”private planforslag”. Det vil sei at dei blir utarbeida og fremja av privatpersonar som ynskjer å få behandla meir omfattande arealbrukstiltak. Det kan til dømes vere hyttefelt, næringsareal, osv.

 

Korleis føregår planarbeidet?

Når det skal utarbeidast arelaplan for eit område er det krav i Plan og bygningslova til korleis dette skal føregå.

 

Profesjonell forslagsstillar

Den som skal utarbeiude forslag til ein reguleringsplan må vere fagkyndig. Om det er behov for regulering eller omregulering av din eigedom må du knytte til deg ein profesjonell forslagsstillar.  

 

Vanlege fasar i ein planprosess

  1. Oppstartsmøte
    Før planarbeidet startar opp må forslagsstillar ha eit møte med avd. for plan og byggesak i Høyanger kommune om planarbeidet. I oppstartsmøte gir kommunen rammer og føringar for planarbeidet.

  2. Varsling
    Forslagsstillar skal varsle oppstart av planarbeidet. Dette skal gjerast ved kunngjering i avis og gjennom elektronisk media, samt ved utsending til aktuelle høyringsinstansar og berørte partar som grunneigarar og naboar.

  3. Planframlegg
    Forslagsstillar utarbeidar eit planforslag på bakgrunn av rammer og føringar frå kommunen, og innspel til planarbeidet som har kome gjennom varslinga. Planforslaget vert sendt til kommunen, som gjennomgår det innsendte materialet og førebur saka for 1. gongs handsaming.

  4. Førstegongs handsaming
    Ved første gongs handsaming føreligg det eit konkret forslag til reguleringsplan. Forslaget skal innehalde eit plankart og eit sett med føresegner. I tillegg følgjer det eit saksutgreiing som skildrar planframlegget. Planframlegget vert handsama av Planutvalet. Forslaget vert anten lagt ut til høyring, bearbeidd eller avvist.

  5. Offentleg ettersyn (eller høyring)
    I høyringsperioden vert alle berørte varsla og har høve til å komme med innspel til planen.

  6. Andregongs handsaming
    Når høyringsfristen er ute vert ny handsaming av planforslaget førebudd. Saka går til Planutvalet før den ev. går til Kommunestyret for endeleg vedtak. Planutvalet kan også vedta 2. gongs offentleg ettersyn viss det er gjort omfattande endringar i planframlegget etter 1. gongs offentleg ettërsyn.

  7. Vedtak
    Kommunestyret vedtek reguleringsplanar. Gjennom ein vedteken reguleringsplan vert arealbruken gjort bindande for den enkelte grunneigar.

  8. Kunngjering av vedtak
    Når ein reguleringsplan er vedteken vert dette kunngjort. Ein har høve til å klage på vedtaket.

 

Regulativ for handsaming av plansaker

Betalingsregulativet gjeld for plansaker etter Plan og Bygningslova når andre enn kommunen sjølv fremjer slike saker, jf. Plan og Bygningslova paragraf 12-11.

Betalingsregulativ for handsamling av plansaker

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 10.11.2015 av Synne Vefring

Kontakt

bilde av personen: Jostein Nyland
Leiar tenesteeining plan og forvaltning

 

Tenesteskildring (1)
 
 
Login for redigering