Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 27.03.2020: Det er ingen nye som har testa positivt, så talet smitta er framleis 2. Bedrifter og enkeltpersonar i Høyanger kommune tar smittevern på alvor! Vi takkar for innsatsen så langt.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 99 21 93 98, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015.

 

Etablerarprøve for serveringsstad

Ønskjer du å starte ein serveringsstad, må du eller den som skal vere styrar, ha bestått etablerarprøva for severingsstad. Når du ønskjer å ta prøva, kontaktar du kommunen og får gjort avtale om tidspunkt. Du får fleire forsøk dersom du ikkje klarer prøven første gongen. prøven kostar kr. 400,- pr gong.

Læremiddel

Det kan vere lurt å lese gjennom læreheftet før du tek prøva. Læremateriell til etablerarprøven for serveringsverksemd kan bestillast på vinn.no. I tillegg til læreheftet, kan du òg kjøpe tilgong til elektronisk test på etablerarprøva.

Etablerarprøven kan takast anten elektronisk eller som papirversjon. I begge tilfella skal prøven takast hos kommunen.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte oss på tlf. 57711603.

Kort informasjon om etablerarprøven

Etablererprøven er ei fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutter til å svare på den. For å få bestått prøve må 40 av 50 svar vere riktige.

Når du har klart prøven, skriv vi ut eit bevis til deg.

Vi vil leggje til rette for at du kan ta etablerarprøven. Pensum til prøven skal vere basert på det materialet som er omtala i læreboken: "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomhet". Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

Vi skal halde prøven innan to månader etter at vi har fått melding om at du ønskjer å ta prøven.

Kontakt

bilde av personen: Anita Taftø
Økonomikonsulent
  • Tlf: 57 71 16 03
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: