Kunnskapsprøve - alkohollova

Skal du vere skjenkestyrar eller avløysar/stadfortredar for sals- og skjenkeløyve i kommunen, må du ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova. Når du ynskjer å ta prøva, kontaktar du kommunen og får gjort avtale om tidspunkt. Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen. Prøva kostar kr. 400,- kvar gong.

Læremiddel

Det kan vere lurt å lese gjennom lærehefte før du tek prøva. Dette kan du kjøpe direkte frå www.vinn.no

I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektroniske testar både på skjenkeprøva og salsprøva.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte oss på tlf. 57711603.

Kort informasjon om kunnskapsprøven

Kunnskapsprøven er ei nettbassert prøve som kan svarast på elektronisk eller som alternativt kan takast ut som papirutgåve.

Kunnskapsprøven om alkohollova er ein fleirvalsprøve. Prøven består av 30 spørsmål der du må ha minimum 24 riktige svar for å stå på prøven.

Du vil få 60 minutt til gjennomføring av prøven. Dersom du avlegg prøven på papirutgåve, vil du få ytterlegare 10 minutt til overføring av personalia og svar til svararket.

Når du har klart kunnskapsprøven, skriv vi ut eit bevis til deg.

Vi vil leggje til rette for at du kan ta kunnskapsprøven. Opplysningar om kunnskapskrav til kunnskapsprøven finn du meir om hos Helsedirektoratet. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

Vi skal halde prøven innan to månader etter at vi har fått melding om at du ønskjer å ta prøven.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 20.10.2015 av Anita Taftø

Kontakt

bilde av personen: Anita Taftø
Økonomikonsulent

 

Reglar og retningslinjer (2)
 
 
Login for redigering