Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Salsløyve for alkohol

Ordinære salsløyve for alkohol vert tildelt av kommunen for inntil 4 år om gongen og følgjer kommunestyreperioden. Salsløyvet gjeld for sal av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7% alkohol.  Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda, men verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det vert søkt om nytt løyve så snart råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Når nytt kommunestyre er på plass etter valet, gjer dei vedtak om Ruspolitisk handlingsplan for den komande 4-årsperioden.  Her inngår retningsliner for kommunen si løyvetildeling, salstider og kontroll med at regelverket i alkohollova vert etterlevd.

Det er kommuanlsjef for helse og omsorg som har ansvaret for sakshandsaminga av salsløyve.  Det vert innhenta uttale frå politi, skatte- og avgiftsmynde m.m.  Søknaden vert først handsama i helse- og omsrogsutvalet før endeleg avgjerd i kommunestyret. Løyvetildeling omfattar også godkjenning av styrar og stadfortredar, og løyve vert tildelt eigar av verksemda og er knytt til definert lokale.

Søknadsskjema for salsløyve

Kontakt

bilde av personen: Anita Taftø
Økonomikonsulent
  • Tlf: 57 71 16 03
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post:  

 

bilde av personen: Ingun Indrebø
Kommunalsjef helse og omsorg
  • Tlf: 57 71 16 08
  • Mob: 478 90 705
  • E-post: