Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 27.03.2020: Det er ingen nye som har testa positivt, så talet smitta er framleis 2. Bedrifter og enkeltpersonar i Høyanger kommune tar smittevern på alvor! Vi takkar for innsatsen så langt.

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 99 21 93 98, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015.

 

Viltforvaltning

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne, og gir råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt. 

Døme på oppgåver i viltforvaltninga:

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan.
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporter
  • Registrering annalyse av sett hjort- skjema
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond.

Hjorteviltregisteret er ein nyttig reiskap for deg. Her legg kommunen inn innformasjon om alle valda: Fellingstillatelser/ fellingsresultat, sett-hjort og slaktevekter. Her vil du og finne tilgang til "sett og skutt" som er ei elektronisk løysing du sjølv kan bruke til å registrere sett-hjort og slaktevekt.

I Hjorteviltregisteret finn de  og oversikt og innformasjon om fallvilt (trafikk påkøyrsler).

Kontakt

bilde av personen: Randi Dale
Jordbrukssjef
  • Tlf: 57 71 15 32
  • Mob: 992 19 391
  • E-post: