Koronavirus - Covid 19

Alt om korona- Høyanger kommune Korona- information in other languages  

Spørsmål i samband med vaksinering ring 992 19 398, open mån - tors, kl. 08:00 - kl. 15:00.
Spørsmål om koronavirus? Ring kommunal informasjonstelefon, 992 19 398, mån-tors kl 12:00 - 15:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Barnehage

I Høyanger kommune har vi seks barnehagar. Vi har hovudopptak til barnehageplass ein gang i året, og fristen for søknad er 15. mars. Du kan søke om plass heile året, du vil stå på søkarliste til du får tilbod om barnehageplass. Du kan sjølv endre eller slette søknaden.

 

Søknadsfrist til hovudopptaket

 

Høyanger kommune har felles opptak for alle barnehagane. Søknadsfristen er 15. mars, og du søker elektronisk. Hovudopptaket gjeld i hovudsak ledige plassar for barn som har rett til plass.

Treng du hjelp til å søke kontakt barnehagen eller 57711500.

 

Søk barnehageplass

 

Kven har rett på barnehageplass? 

 

Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november og det må vere søkt om barnehageplass innan 15. mars. Får barnet plass må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen.
Er de busett i annan kommune ta kontakt med heimkommunen din før du søker barnehageplass hos oss.

 

Korleis får du svar?

 

Tilbod om barnehageplass blir sendt elektronisk innan utgangen av april. Har du registrert deg med Digipost, får du svaret der. Du må svare på tilbodet på same sida som der du søkte om barnehageplass. 

 

Barnehageportalen.
 

 

Barnehageplass blir tildelt etter desse vilkåra:

 

Dei fleste barn vert prioritert etter alder. Barn som får plass blir prioritert i same barnehage som søsken. Desse har prioritet ved opptak til barnehageplass:

- barn med nedsett funksjonevne
- barn som er omfatta av § 4-4 2. og 4. ledd og § 4-12 i barnevernlova
- barn med særleg behov for barnehageplass grunna sosiale, helsemessige eller andre spesielle
  forhold i heimen
- barn frå flyktningfamiliar og barn frå familiar der begge foreldra er framandspråklege/tospråklege
- b
arn som har plass i barnehage og ønskjer å endre opphaldstid
- barn som skal begynne på skule innan eitt år

- barn som flyttar frå ein krins til ein annan krins innan kommunen

 

 


Ved søknad om opptak etter prioritet skal det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans, til dømes barnevern, helsestasjon, lege, PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg behov for barnehageplass.

Vedlegg til søknad må sendast innan søknadsdato til:
Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger

 

Prisar

 

Betalingssatsar 2021

Tilbod Pr mnd. Matpengar
100 % plass kr 3 230 kr 275
 80 % plass kr 2 920 kr 225
 60 % plass kr 2 515 kr 175
Dagplass kr 200 pr dag kr 55

 

Betaling er lagt over 11 månader, med betalingsfri månad i juli.

Søskenmoderasjon, 100 % plass: 30 % for eitt søsken, 50 % for søsken nr 2 og oppover.
 

Prisar og moderasjon
 

Moderasjonsordning - gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

 

Det er to moderasjonsordningar for familiar med låg inntekt. Her kan du lese meir om ordninga

Du søkjer om moderasjon direkte i barnehageportalen. For at søknaden skal kunne handsamast, må det leggast ved godkjent dokumentasjon.
 

Nasjonal søknadsfrist er 1. august 2021. Grunna ferieavvikling, ønskjer vi søknadar innan 1. juli. Dersom de søkjer etter 1. juli, vil de få moderasjon for august trekt frå på faktura for september. 

For søknadar som kjem inn etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret. 

Udir - forskrift om foreldrebetaling i barnehagar

 

Oppseiing av plass

 

Oppseiing må gjerast direkte i foreldreportalen. Du kan lese meir om oppseiingsreglane i vedtektene (PDF, 212 kB)

Oppseiingstida er 1 månad frå plassen blir sagt opp, frå den 1. eller den 15. i månaden. 
Det er eigne reglar for oppseiing etter 1. mai, du finn meir informasjon om dette i vedtektene. (PDF, 212 kB)

 

Klage

 

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan og klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller det andre ønsket ditt. Ved supperande opptak kan berre søkarar som har til prioritet klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok brevet. Klaga sendast til Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger.


Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal barnet få tilbod om første ledige plassen etter at barnet med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klageutvalet i kommunen (formannskapet), som er klageinstans.

 

Forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehagen

 

Barnehagane våre

Barnehagane våre
Namn på barnehagen Styrar Telefon E-post
Hjetland barnehage Anne Britt Skjerven 57711580 anne.britt.skjerven@hoyanger.kommune.no
Olderdalen barnehage Siv Anita Gudvagen 57712050 siv.anita.gudvangen@hoyanger.kommune.no
Kyrkjebø barnehage Maria Lorena Sandoval 57707560 maria.lorena.sandoval@hoyanger.kommune.no
Vadheim oppvekstsenter Inger Anette Vik Olsen 57714730 inger.anette.vik.olsen@hoyanger.kommune.no
Lavik barnehage Marit Gjersvoll 57714086 marit.gjersvoll@hoyanger.kommune.no
Bjordal barnehage Torunn Haugland 57714277 torunn.haugland@hoyanger.kommune.no

 

Barnehagerute 2020 - 2021  (PDF, 569 kB)