Betaling og moderasjon

Betalingssatsar for barnehage gjeldane frå 1. januar 2017.

Foreldrebetaling:

100 %, heil plass kr. 2.730,- pr månad
80%, 4 dagar pr veke kr. 2.550,- pr månad
60 %, 3 dagar pr veke kr. 2.150,- pr månad
Dagplass i barnehage kr. 200,-

i tillegg kjem matpengar

 100 % plass  kr. 275,- pr månad
 80 % plass  kr. 225,- pr månad
 60 % plass  kr. 175,- pr månad
 Dagplass  kr. 55,-


Betalinga er lagt utover 11 månader med betalingsfri månad i juli.

 

Moderasjonsordningar


Reduksjon av foreldrebetaling

Kostnad på barnehageplass skal ikkje utgjere meir enn 6 prosent av hushaldninga si inntekt. I 2017 vil ordninga gjelde for hushaldning som har ei samla inntekt på under kr 500 500.

Gratis kjernetid for 4- og 5-åringar

Alle 3-, 4- og 5- åringar har rett til 20 timar gratis opphaldstid pr veke dersom dei bur i ei hushaldning med samla inntekt mindre enn kr 405 000. Ny sats frå 1. august 2017 er kr 450 000. 

Ei hushaldning si inntekt:

Ektefelle, registrert partnar og sambuar, si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som sambuar vert rekna to personar over 18 år som har felles barn, eller har budd saman tolv av dei siste 18 månadane.

Dokumentasjon:

Som dokumentasjon på inntekta må søkjar legge ved sjølvmelding frå året før.

Søknad sendast til:

Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger

Meir informasjon om moderasjonsordningane

finn du på udir.no si side Udir

Søskenmoderasjon:


Dersom søsken går i barnehage og/eller i skulefritidsordning, skal det betalast fullt for den plassen som er dyrast.

  1. Moderasjon gjeld for plass i barnehage og/eller plass i skulefritidsordninga (SFO)

  2. Heil plass i barnehage:
    barn nr 2 - 30% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 3 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 4 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga

  3. For barnehageplassar med 80 % og 60 % og plass i SFO
    barn nr 2 - 25% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 3 - 40% reduksjon i foreldrebetalinga
    barn nr 4 - 50% reduksjon i foreldrebetalinga

Publisert av Jorunn Flæthe. Sist endra 13.09.2017 av Jorunn Flæthe
 
 
Login for redigering