Høyanger kommune har innført Betre Tverrfagleg Innsats (BTI), ein samhandlingsmodell som vi brukar i arbeidet med barn og unge det er knytt bekymring til. Sentrale stikkord her er samarbeid, gode overgangar og dokumentasjon.
Stafettloggen som vi brukar, vert alltid utarbeidd i samarbeid med føresette ved bruk av samtykke, i lag med barnet/eleven. Føresette og barn er med i prosessen frå tidlig stadium. Alle avtalar om tiltak, ansvar og fristar vert ført inn i stafettloggen.
Du kan lese meir om BTI på vår eiga BTI-side, hoyanger.betreinnsats.no. Her ligg skildring av korleis BTI fungerer, og rettleiing av barn, vaksne og tilsette. Sida er alltid tilgjengeleg.
Ved spørsmål om stafettloggen, ta kontakt med Odd Willy Knudsen, tlf. 57710005/ 91593826, e-post: odd.willy.knudsen@hoyanger.kommune.no