Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

SFO

Du søker elektronisk om plass i skulefritidsordninga SFO, i Visma Flyt Skole. Om du treng hjelp til å søke/tilgang til datamaskin, ta kontakt med skulen eller Tenesteområde oppvekst tlf. 57711564.

Skulefritidstilbod blir gitt til barn i 1. - 4. klasse, i særlege høve til barn i 1.- 7. klasse.

Opplæringslova gir normalt ingen rett til fri skuleskyss før eller etter SFO-tida.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til hovudopptaket er 15. mars kvart år.
Søknader elles i året blir handsama etterkvart.

Opptak

Tildeling av plass blir handsama av rektor/dagleg leiar.
Tildelingsbrev blir sendt elektronisk.

Endring av plass

Du må logge på Visma Flyt skole og endre plassen til barnet ditt der.
Stadfesting på endring av plass blir sendt elektronisk.

Ferietilbod

SFO heldt stengt (sommarstenging) 4 veker i juli (heile veker).
Vi  kan tilby ekstra ferietilbod frå siste skuledag og til sommarstenging.
Dersom det er behov kan slikt tilbod også organiserast etter sommarstenging til skulestart i august.
Vi kan også tilby ferietilbod i haust- og vinterferie.

Dersom du har behov for å nytte ferietilbodet må du søkje særskilt om dette, søknad sendast rett til skulen
Søknadsfrist sommartilbod: 15. mai
Søknadsfrist haust/vinterferie: 1. september/15. januar

Føresetnad for ferietilbodet:
- Høyanger skule: brukartal må vere minimum 5
- Dei andre skulane: lokale tilpassingar i lag med barnehagane

Oppseiing

Oppseiing må gjerast elektronisk i Visma Flyt Skole

Oppseiingstida er 1 månad frå plassen blir sagt opp, frå den 1. eller den 15. i månaden.
Det er eigne reglar for oppseiing etter 1. mai, du finn meir informasjon om dette i informasjonsbrosjyra.

Stadfesting på oppseiing blir sendt elektronisk.