Betalingssatsar SFO

Betalingssatsane for skulefritidsordning (SFO) gjeldane frå 1. januar 2018.

Foreldrebetaling

1/1 plass kr. 2.085,- pr mnd
14 t/veka (halv plass) kr. 1.330,- pr mnd
Inntil 8 timar for veka (følger skuleåret) kr.    755,- pr mnd
Dagplass kr.    200,- pr dag
Pris pr time kr.      60,- pr time


Betalinga tilsvarer ti månader opningstid (skulestart-skuleslutt) og er lagt over 11 månader (aug-juni). Betalingsfri månad er juli.
I tillegg kjem betaling for bruk i ferie; haust-, vinter- og sommarferie, der ein betaler dagsats for dei dagane tilbodet blir nytta. Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon ved bruk av dagplass.

Barna må hentast før stengetid eller til avtalt tid. Dersom dette ikkje vert gjort, kan det medføre ekstrarekning (informasjon får ein hos skulen/dagleg leiar).

Berre ved Høyanger skule:
+
matpengar /frukt m.m.) kr. 30,- pr mnd.

Søskenmoderasjon:

Dersom søsken går i barnehage og/eller i skulefritidsordning, skal det betalast fullt for den plassen som er dyrast.

Moderasjon gjeld for 80% og 60% barnehageplass og for plass skulefritidsordninga (SFO):

 Barn nr 2  25 % reduksjon i foreldrebetalinga
 Barn nr 3  40 % reduksjon i foreldrebetalinga
 Barn nr 4  50 % reduksjon i foreldrebetalinga

 

Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon ved bruk av dagplass.

 

Betalingssats for ferietilbod - moderasjonsordning for foreldreldre/føresette under låginntektsgrensa


Kommunestyret har vedteke at foreldre/føresette med låg inntekt, tilsvarande 5G, får etter søknad 40% reduksjon på betalingssatsen for ferietilbod i skulefritidsordninga. 5G er f.t. kr 484 415.

Søknad sendast til Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger eller til postmottak@hoyanger.kommune.no

Vedlagt søknaden må sendast nyaste skattemelding. Har du vesentleg og varig endring av lønsinntekt må  også annan gyldig dokumentasjon leggast ved.

Dei som søker om moderasjonsordning for betaling av barnehageplass, treng ikkje sende eigen søknad for SFO, men skriv gjerne i søknaden at det gjeld både barnehage og ferietilbod SFO.