Foreldreutval Når du har barn i skulen, er du automatisk ein del av foreldrerådet. Foreldrerådet vel representantar til foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) – ein eller fleire frå kvar klasse. Til saman utgjer dei eit utval som skal ha mogelegheit til å påverke skulekvardagen og vere ein konstruktiv samarbeidspartnar for skulen. FAU kan kome med råd og innspel, men også ta opp saker på eige initiativ. FAU sine hovudoppgåver er å medverke aktivt i: Vurdering av skulen Utviklingsarbeid i skulen Utvikling av eit trygt læringsmiljø for elevane Planlegging og oppfølging for å fjerne mobbing Sosiale tiltak for elevane Organisering av undervisninga Utforming av mål til eigen skule Prosjekter som blir gjennomført i skulen (f.eks. IKT) Arbeidet med det fysiske skolemiljøet Arbeidet med nærmiljøet sine trafikktilhøve Å få eit godt samarbeid mellom heim og skule Les meir her: FUG Publisert avIngrid Sviggum Håre Publisert08.10.2021 16.19 Sist endra08.10.2021 16.19