Permisjon inntil to veker
Det er eit vilkår for retten til slik permisjon at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute, jfr opplæringslova § 2-1. Etter delegert vedtaksmynde gjer oppvekstsjef og rektor vedtak. Vedtaket er enkeltvedtak etter opplæringslova.
Søknad må sendast i god tid og skal grunngjevast.
- Permisjon inntil ei veke, søknad sendast til skulen. Rektor gjer vedtak.
- Permisjon inntil to veker, søknad stilast til Høyanger kommune og sendast via skulen.
Skulen sender med uttale/tilråding. Oppvekstsjef gjer vedtak.
Fri utover 2 veker
I slike tilfelle må eleven meldast ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Foreldra er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Retten til opplæring opphøyrer i utmeldingsperioden, og kommunen sitt ansvar for opplæringa opphøyrer tilsvarande.