Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Helsestasjon

Helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er oppmoda om å gjenopprette normal aktivitet i tråd med retningslinjene.

Dette inneber:

  • Oppfølging av helsesjukepleiar 0–5 år Oppfølging av nyfødde og barnevaksinasjonsprogrammet har førsteprioritet, men vi vil no også opne opp for andre konsultasjonar ut i frå kapasitet. Nokre konsultasjonar kan bli erstatta av telefonkonsultasjon, t.d. 17-18 mnd og evt. 4 mnd og 10 mnd. Det vert lagt opp slik at så langt det lar seg gjere berre er ein konsultasjon i gongen. Det er difor viktig at ein kjem til avtalt tid og gjev beskjed dersom ein vert forsinka eller kjem før tida. Forseinking kan medføre at timen vert utsatt.
  • Oppfølging av skulehelsesjukepleiar 1 - 4 trinn går tilbake til normal drift og helsesjukepleiarane vert sittande på skulane som før. For 5 - 10 trinn vert vi tilgjengelege på telefon og facetime/duo som før. I tillegg tilbyr ein å gjennomføre 3 og 8 klasse samtalar, samt barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Vidaregåande skule vil ha tilgang til helsesjukepleiar på skulen torsdagar.
  • Helsestasjon for ungdom (HFU) opnar igjen for konsultasjonar på onsdagar 15.00 – 17.30. Timen må avtalt på førehand og det gjennomførast ikkje drop-in. Ring helsesjukepleiar for å avtale time. Du kan bestille time for: prevensjon, symptom på seksuelt overførbare sjukdommar, innsetjing / uttak av P-stav og om du ønsker ein samtale med helsesjukepleiar knytt til fysisk, psykisk eller seksuelle helse.
  • Oppfølging av jordmor i svangerskapet har tilnærma vanleg drift, men gravide skal dersom mogeleg komme aleine til avtalen, og vi tilbyr telefonsamtale om det er behov.

Framleis gjeldande smittevernsarbeid på helsestasjonen:

  • Ved sjukdom uansett årsak, eller om du er i karantene, IKKJE møt opp på helsestasjonen, men ring og avtal vidare oppfølging.
  • Ved oppmøte på helsestasjonen, skal du/de vaske hendene eller bruke spritdispenser som er plassert på utside og innside av inngangsdøra når du kjem på helsestasjonen, samt halde god avstand til andre.
  • Vi gjennomfører ikkje heimebesøk til nyfødde, det vert i staden gjennomført ein konsultasjon på helsestasjonen. Dette vert avtalt på telefon i forkant.
  • Gruppekonsultasjonar erstattast med individuelle konsultasjonar.
  • Dersom det er mogleg skal berre ein vaksen følge barnet til helsestasjonen.
  • Søsken skal ikkje vere med på helsestasjonen.
  • Ta med eiga leike. Leikene våre er fjerna og kan ikkje brukast. 

Helsestasjonen arbeider med born og ungdom  i alderen 0 - 20 år. Dette omfattar helsestasjon for born 0 til 5 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, reisevaksinasjon og svangerskapsomsorg.

Nye råd om D-vitamtilskudd og tran til spedbarn

HPV-vaksine til elevar på 7. trinn

Tilsette ved Høyanger helsestasjon:

Tilsette ved Høyanger helsestasjon
Namn Tittel Mobil
Elisabeth Sæbø leiande helsesjukepleiar 992 19 314
Silje Martinsen helsesjukepleiar 488 90 110
Henriette Nokken helsesjukepleiar 992 19 342
Hilde Ullebø helsesjukepleiar 957 58 688
Tove Linde helsesjukepleiar 992 19 386
Aud Kjersti Haugen jordmor 992 19 334

Kontakt

kontortelefon
  • Tlf: 57 71 16 12
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post:  

 

bilde av personen: Elisabeth Sæbø
Leiande helsesjukepleiar
  • Tlf: 57 71 16 16
  • Mob: 992 19 314
  • E-post: