Koronavirus - Covid 19

 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Bortebuarstipend

Klikk for stort bilete

 

Høyanger kommune gir bortebuarstipend til elevar ved Høyanger vidaregåande skule som må bu på hybel.

 

Du må ha ungdomsrett, og ha rett på nærskulepoeng ved Høyanger vidaregåande skule. Les meir i punkta under:

 

 

 

Retningsliner for stipendordninga:

  1. Høyanger kommune yter for skuleåret 2021/2022 totalt kr. 100.000 til stipend til elevar som vil gå på Høyanger vidaregåande skule, og må bu på hybel. Stipendordninga skal gjelde for elevar med ungdomsrett, og som har rett på nærskulepoeng ved Høyanger vidaregåande skule. 
  2. Stipendet gjeld for elevar som ikkje dagleg kan nytte seg av offentleg transport til og frå heimen.
  3. Stipendet på kr 100.000 vert delt likt mellom søkarane. Kvar elev kan likevel ikkje motta meir enn 10.000 kr i stipend frå kommunen pr skuleår.
  4. Tildeling av kvart enkelt stipend vert gjort av rådmannen etter søknad frå eleven.
  5. Søknadsfrist er 1. september i kvart skuleår.
  6. Stipendet blir utbetalt to gonger i skuleåret. Dato for utbetaling er 1. november og 1. mars. 
  7. Kommunen kan krevje stipend attendebetalt dersom eleven ikkje fullfører skuleåret.

 

Skriftleg søknad sendast:

Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger eller 
epost: postmottak@hoyanger.kommune.no

 

Høyanger vidaregåande skule

er lokalisert i kommunesenteret Høyanger. Du kan lese meir om skulen og studietilbodet her.