Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomsskatt til kommunane, samt vedtekter godkjend av kommunestyret.
Det er kommunestyret som fastsett storleik på skattegrunnlag og skattesats. Skattesatsen kan setjast til mellom to og sju promille av eigedomskattetaksta. Eigedomsskattesatsen i Høyanger kommune for 2022 er 7 promille, og for bustader og fritidsbustader er skattesatsen 4 promille jf. eigedomsskattelova § 11, første ledd og §13 siste ledd.
Høyanger kommunestyre vedtok i sak 081/21 at det skal skrivast ut eigedomsskatt på alle faste eigedommar i kommunen – jf. eigedomsskattelova §§ 3 og 4.
Det skal vere ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år. Dersom det ligg føre særlege tilhøve, kan kommunestyret avgjere at ny taksering skal skje tidlegare eller seinare enn dette, men ikkje seinare enn tre år etter at siste allmenne taksering skulle ha skjedd. Kommunen dekker kostnadene ved taksering, og kommunestyret utnemner dei personane som skal stå for takseringa. Høyanger kommune hadde sist omtaksering i 2016.
Kommunestyret kan etter søknad heilt eller delvis frita for eigedomsskatt eigedomar som tilhøyrer lag, stiftingar og institusjonar.
For eigedomsskatteåret 2022 skal det og skrivast ut eigedomsskatt på eit «særskilt fastsett grunnlag» i medhald av overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 første ledd. Det særskilte grunnlaget skal i 2022 vere lik 3/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 etter nye verdsettingsreglar for «verk og bruk» som frå og med 2019 blir å sjå på som næringseigedom.
Les heile dokumentet om rammer for retningsliner for fastsetting av eigedomsskatt her:
Rammer og retningsliner (PDF, 2 MB)
Publisert 30.06.2022 11.08
Sist endra 24.06.2024 13.16