Taksering av eigedom

Allmenn taksering

Takstnemnd for eigedomsskatt vart vald av kommunestyre i september 2019. 
 

Oppgåvene til medlemmene i takstnemda er å finne verdien av alle eigedommar i Høyanger i tråd med eigedomsskattelova § 8a-2.

Takstar som vert fastsett etter alminneleg taksering vert ståande fast i 10 år frå takseringstidspunktet. Sist taksering var i 2016.
Verdien av eigedomen skal settast til det beløpet ein må gå ut frå at eigedommen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlge salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdien multiplisert med 0,7. Verdien av næringseigedom skal settast til teknisk verdi når det ikkje er mogleg å fastsette verdien slik det står i eigedomsskattelova.

Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdien multiplisert med 0,7.  


Ny takseringsprosess fram mot år 2026


Nye takstar skal fastsettast frå og med 1. januar 2026. Det vil komme informasjon om dette når det nærmar seg oppstart.
 

Randi Norevik
Sekretær drift og vedlikehald
E-post
Telefon 57 71 15 35