Konsesjonsfridom – eigenfråsegn om konsesjonsfridom
Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonfrie. Det betyr at du ikkje treng å søkje om konsesjon når du overtek eigedommen. I staden leverer du eigenfråsegnskjema til Høyanger kommune.
Landbruksdirektoratet sitt skjema for eigenfråsegn om konsesjonsfridom:
Skjema LDIR-360
Etter at Høyanger kommune har stadfesta at overdragina av eigedommen er konsesjonsfri, kan du sende skøyte til Statens kartverk for tinglysing.
Les kva for erverv som er konsesjonsfrie
Konsesjon
Dersom overdraginga er konsesjonspliktig, må du søke om konsesjon. Konsesjonspliktige eigedomar er landbrukseigedomar over ein viss storleik.
l dei høve du overtek landbrukseigedom som har lovbestemt buplikt (frå nær familie), men ikkje skal busette deg på eigedomen, må du også søke konsesjon
Landbruksdirektoratet sitt skjema for konsesjon:
Skjema LDIR-359
Har du spørsmål?
Kontakt jordbrukssjef Randi Dale på e-post randi.dale@hoyanger.kommune.no, eller på tlf: 577 11 532.